The Vossa Rebels og Rene Haugen

page view image

Tickets Not Available

Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

The Vossa Rebels er eit rockabillyband frå Voss, beståande av Sondre Hegg på gitar/vokal, Eivind Dæmring Styve på trommer og Sondre Dæmring Styve på kontrabass. Berre namnet The Vossa Rebels, indikerar at her har vi med det rocka og rebelske 50-talet å gjere. Tida då brylcrèm og kast i bukser, eggande hoftebevegelsar og fuzz-pedalen gjorde foreldre- og besteforeldregenerasjonen til ei særs frustrert forsamling.

Rockabilly var eit 50-tals-fenomen, som blanda country, blues og hillbilly til ein heilt ny sjanger. Instrumentert med ståbass, orkestergitar og slagverk, fekk ein fram ein sound som både var unik, fengande og ny. Kven hugsar vel ikkje Bill Haley & His Comets med ”Rock around the clock”?

The Vossa Rebels har fått vere med på mykje moro sidan starten i 2010. Dei har delteke på Ungdommens Kulturmønstring 3 gangar, dei har spelt på Ekstremsportveko på Voss, på Osfest, Landskyttarstemner, Øya – og ikkje minst, dei var deltakarar i Norske Talenter i 2014.

laurdag 13.august er dei på bringebærfestivalen i Vik, og skal saman med vår lokale Rene Haugen syte for god stemning på utescena ved Kristianhus.

Rene Haugen er ein lokal kjendis frå Vik, busett i Førde. Rene Anthony Ekroll Haugen har mange talenter, han har eit stort talent som artist og låtskrivar, og er vel kjend i Vik frå Duoen Visjon Tyleprat. Rene lovar eit allsidig show frå Scena.


Ansvarsfraskrivelse

Billettar blir kun refunderte ved avlyst konsert/arrangement.

Tags

bringebærfestivalen
vik
blixhalli
bringebærkommunen
ågesdanseband
åges
jokkesghandiband
Organizer
Norsk Bringebærfestival